Etterkunngjering av endra løyve til arbeid i sjø til Jadarholm AS
Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til utfylling i sjø på eigedom 7/38 i Stavanger kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 25.06.2018
Endringa omfattar metoden for arbeidet, som bli utført frå land. Det er i løyve sett krav til bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forureina partiklar.
Sjå endra løyve i vedlegget til denne nettsaka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.