Etterkunngjering av løyve til arbeid i sjø på Husøy (Stutøy)

Fylkesmannen har gitt Karmsund Havn IKS løyve til arbeid i sjø på Husøy (Stutøy ved Flatskjer) i Karmøy kommune. Løyvet omfattar mudring av tidlegare utfylte masser, pelearbeid og sprenging i sjø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2018

Dette er arbeid som må gjerast i samband med tidlegera løyve gitt Karmøy kommune til utfylling på Husøy. Det er fylt ut for mykje masser, noko av dette vil bli fjerna. Det vil også bli utført små sprengingsarbeid ved setting av pelar som skal forankrast i fjellet.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå søknad og løyve i vedlegga til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.