Etterkunngjering av midlertidig dispensasjon frå utsleppsløyve m.m. Eidane Smolt
Fylkesmannen har etter søknad gitt Eidane Smolt, midlertidig dispensasjon frå utsleppsløyvet. Denne endringa/dispensasjonen samsvarar med dagens plassering av utsleppspunkt. Øvrige vilkår i løyvet er ikkje endra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utsleppspunktet kan inntil vidare ledast ut på 13 og 15 meters djup, kor det i dag er plassert. Vi har også gitt pålegg til verksemda om å gjennomføra ei strandsoneundersøking sommaren 2016. Den midlertidige dispensasjonen knytta utsleppspunktets plassering vil vare inntil strandsoneundersøkinga føreligg, samt inntil vi har behandla ny søknad om utsleppsløyve i samband med auka produksjon.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjøringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Dispensasjonen finn du høgremargen. Saksbehandlar kan kontaktast dersom det er behov for fleire opplysningar i saken.