Etterkunngjering løyve til Ragn-Sells AS avdeling Tankrenovasjon
Fylkesmannen har gitt Ragn-Sells AS avdeling Tangrenovasjon ny løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall ved gnr/bnr 71/211 og 286 i Tysvær kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I ny løyve har det mellom anna blitt satt større avgrensingar enn tidlegare i kva for type farleg avfall som kan tas imot, i tråd med føretakets eigne ynskje. Ny løyve omfattar årleg mottak av 2600 tonn farleg avfall, med mellomlagring av maks 200 tonn farleg avfall samstundes. Dette er ei auking av årleg mengde, men mellomlagra mengde er tilnærma lik som før.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjøringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.