Løyve etter forureiningslova til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS
Fylkesmannen har 12.05.2014 gitt løyve til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS til mudring og nedsetting av peler i sjø for etablering av ny kai og småbåthamn. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.05.2014
Arbeida i Indre Vågen omfattar nedsetting av 12 stk peler à 0,13 m2, til saman om lag 2 m2, og mudring av lausmassar som vil dekke eit areal på ca. 10 m3 på sjøbotnen.
Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.