Løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved Risavika i Sola
Norsea Ekofiskvegen AS er gitt løyve til arbeid i sjø i samband med vedlikehald og utbetring av kaianlegget ved Risavika.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er gitt løyve til setting av spuntvegg samt utfylling med ca. 1500 m3 rene steinmassar. Det er i løyve sett krav til mildande tiltak for å hindra spreiing av forureina sediment, samt tidsavgrensing av omsyn til gytetid for torsk. Det er vidare sett krav til støy og driftstid, internkontroll og beredskapsplan, m.m.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve og lenke til høyringa i vedlegg til denne nettsaka.