Løyve til arbeider i sjø sør for Strømsbrua
Fylkesmannen har etter søknad gitt Rom Eiendom AS løyve til utfylling, peling og graving/mudring i sjø sør for Strømsbrua ved Paradis i Stavanger.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samband med utvikling av området Paradis sør til nærings- og boligføremål i samsvar med gjeldande Plan 2499P og pågående reguleringsarbeid knytt til Plan 2636, er det gitt løyve til arbeider i sjø. For å hindre/redusere spreiing av forureina botnsediment er det i løyvet bl.a. satt krav om at alle botnområder med sediment skal dekkast til med minimum 0,3 meter sand før utfylling med sprengsteinsmasser. Av omsyn til støy er det bl.a. satt krav om at det ikkje tillate å arbeide på natta.
Vedtaket om løyve kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve i høgremargen.