Løyve til mudring og utfylling i Jelsavågen
Palmar Grønnevik har fått løyve til mudring og utfylling i sjø på eigedomen gnr.137 bnr.11 i Suldal kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet er gitt i samband med bygging av molo og brygger for etablering av småbåthamn. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Palmar Grønnevik løyve til mudring og utfylling i sjø på gnr. 137 bnr. 11 i Jelsavågen.
I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, blant anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og at det setjast i verk tiltak for å hindre skadar på miljøet som følgje av arbeida i sjø.
Søkar planlegger bygging av molo og brygger for etablering av småbåthamn. Tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området. I samband med arbeida vil det vere naudsamt med graving og utfylling i sjø.
Løyvet omfattar utfylling av 535 m3 steinmassar og mudring av 500 m2 massar. Tiltaka vil samla dekke eit areal på om lag 500 m2 på botnen.
Sjå saksdokumenta i lenkene til høgre.