Løyve til utfylling i sjø ved Krossøy
Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen, Region vest løyve til utfylling i sjø ved Krossøy i Kvitsøy kommune. Løyve omfattar utfylling med ca. 800 000 kubikk sprengstein fra Rogfast prosjektet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.03.2019
Søknaden frå Statens vegvesen omfatta utfylling ved Krossøy og Krågøy. Løyve frå Fylkesmannen gitt 18.03.2019 gjeld Krossøy.
Det er i løyve satt krav til blant anna utfyllingsmetode og miljøovervaking.
Sjå løyve i dokumentvedlegg til denne nettsaka.
Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.