Løyve til Statkraft AS for mellombels utslepp av anleggsvatn
Fylkesmannen har etter søknad gitt Statkraft AS løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvildal kraftverk i Surdal kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.02.2019
Det er i løyve sett grenseverdiar for pH, suspendert stoff og olje i utsleppet. Statkraft AS må ha en beredskapsplan for akutt utslepp.
Sjå løyve og saksutgreiing i dokumentlenka til denne nettsaka.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.