Løyve til utfylling i sjø Fiskå Mølle AS
Fiskå Mølle AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Omsøkte arbeider inngår i planen for utvidelse av industriområde. Søknaden gjeld utfylling av ca. 700 000 m³ sprengsteinsmasser frå Ryfast-prosjektet som vil dekkje eit sjøbunnsareal på ca. 48 000 m².
Sprengsteinsmasser frå Ryfast-prosjektet inneheld plastfiber og skyteledninger. Tiltaket skal etter planen gjennomførast i perioden juli 2015 til desember 2016.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59,4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå høyringsdokumenta i høgremenyen.