Nye midlar til kampen mot framand art stillehavsøsters i Rogaland
Miljødirektoratet har tildelt nye midlar til Fylkesmannen i Rogaland for å kjempe mot stillehavsøsters langs kysten vår. Det er ei oppgåve som Fylkesmannen vil prioritere!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland som kjelde til spreiing nordover
Ved hjelp av datamodeller frå DHI i Danmark har Miljødirektoratet funnet at det er 25 lokalitetar i Rogaland der det er potensiale for at stillehavsøsters etablere seg permanent.
Områda ved Skudeneshavn og Egersund kan vere to slike område som har høgt potensiale for spreiing av larvar i kyststraumane nordover langs kysten. Fylkesmannen meine det er svært viktig å få vite meir om desse to områda. Skulle vi finne stillehavsøsters, vil vi vurdere fjerning for å redusere spreiingsfare.
Førebygging i Hafrsfjord
Ecofact har i 2018 undersøkt Hafrsfjord og vurdert fleire bestand som ligg i bukter i området. Tettleiken av stillehavsøsters i Hafrsfjord er svært låg samanlikna med kva som er funnet på Austlandet og Sørlandet, og resultata gir grunnlag for å sette i gang tiltak for å fjerne arten fullt og heilt frå Hafrsfjord.
«Sommaren 2018 var varm, og ga gode gyteforhold for østers i Hafrsfjord og elles i Rogaland. Det kan derfor være interessant å ta ein ny runde i Hafrsfjord i 2019 eller 2020 for å sjå om nye individ har kome til» seie rådgivar Kirsten Kristiansen hos Fylkesmannen. Det er også funnet ein ny bestand ved Sandøy utanfor Hundvåg.
Sommarkonkurransen i ny drakt
Samstundes arbeider me med eit nytt system for at alle kan registrere funn av stillehavsøsters – og den årlege sommarkonkurransen vil bli utvida i 2019. Systemet vil også tillate nyttig registrering av «ikkje funn»-data. Me håper også å få inn meir informasjon frå dykkarar som har vært på større djup.
Inntil vidare kan publikum fortsatt melde frå observasjonar av stillehavsøsters til Fylkesmannen. Vi ber om bilde av funn, samt GPS koordinator eller kart som viser funnstaden eller det undersøkte område. Funn som kjem inn i løpet av året vil bli med på trekning av premiar mot slutten av året.
Me ønskje at østers som blir funne også blir fjerna. Mattilsynet tilrår på generell basis at ein ikkje et østers som ikkje er teste – du kan lese meir om deira anbefaling på Matporten.