Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr
Årets beitesesong er i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.
Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vært på ferde, bør du ta kontakt med rovviltkontakt så snart som råd. Her er ein oversikt over rovviltkontaktar i Rogaland:
Namn |
Mobilnummer |
Ansvarsområde |
Øyvind Nesheim |
482 05 104 |
Sokndal, Lund, Eigersund, Bjerkreim, Gjesdal, Hå, Time, Klepp, Sola, Stavanger, Sandnes sør for Boknafjorden, Kvitsøy og Bokn. |
Krister Seljeset |
915 40 836 |
Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Sandnes nord for Boknafjorden, Vindafjord, Tysvær og Haugesund. |
Kristian Eiken Olsen |
905 33 793 |
Bjerkreim, Bokn, Eigersund, Gjesdal, Haugesund, Hjelmeland, Hå, Karmøy, Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Sandnes, Sauda, Sokndal, Sola, Stavanger, Strand, Suldal, Time, Tysvær, Utsira og Vindafjord. |
Slik går ein frem ved funn av husdyrkadaver
Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vært på ferde, bør du gjere fylgjande:
- La kadaver ligge mest mogleg urørt, men dekk det til slik at åtseletarar ikkje kjem til.
- Merk funnstad, gjerne med plastpose i eit tre e.l. slik at det er lett å finne.
- Beskriv funnstad og kryss av på kart om mogleg, aller best er GPS-posisjon.
- Fotografer kadaver om mogleg frå ulike vinklar, gjerne med ein gjenstand av kjent størrelse ved sidan av kadaver (særleg bra for å anslå f.eks. størrelse på bitt og avstand mellom tenner).
Rovviltkontaktane skal hjelpe til med å dokumentere skader på husdyr frå freda rovdyr som jerv, gaupe, ulv, bjørn og kongeørn. Dokumentasjonen er viktig om du søker erstatning for rovviltskader på sau og andre husdyr.
Korleis ein går fram ved funn av husdyrkadaver, samt anna informasjon om rovviltforvalting i Rogaland, finn ein i infoskrivet i lenka til denne nettsaka.
Statsforvaltarens miljøvernavdeling har ansvar for bestandsforvaltning, irekna kunnskap om førekomstar og mengde per areal av freda rovvilt i fylket. Dessutan kan avdelinga gi løyve til felling av skadegjerande individ av freda rovvilt, og har ansvar for å handsame søknadar om erstatning for husdyr tatt av freda rovvilt. Søknadar om førebyggande og konfliktdempande tiltak vert og handsama av Statsforvaltaren.
Rovviltkontaktar Statsforvaltaren i Rogaland
Rovviltkontaktar hos Statsforvaltaren i Rogaland:
Bjørn Mo:
tlf.: 51 56 89 09
e-post: bjorn.mo@statsforvalteren.no
Cathrine Stabel Eltervåg:
tlf.: 51 56 89 15
mobil: 986 76 987
e-post: cathrine.eltervag@statsforvalteren.no
Hovudkontakt er Bjørn Mo. På grunn av ferieavvikling vil kontaktperson variere i sommar:
Veke |
Kontaktperson |
Telefon |
E-post |
24 |
Cathrine Stabel Eltervåg |
51 56 89 15/ |
|
25-27 |
Bjørn Mo |
51 56 89 09 |
|
28-29 |
Tage A. T. Eriksen |
51 56 88 92 |
|
30-38 |
Bjørn Mo |
51 56 89 09 |