Kystlynghei som utvald naturtype

Fylkesmannen i Rogaland stør framlegget om kystlynghei som utvald naturtype. Husdyrfylket Rogaland har, trass i omfattande oppdyrking, oppgjødsling og vindkraftkonsesjonar, etter måten store areal med kystlynghei med eit særprega plante- og dyreliv med fleire raudlisteartar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2012

Landbruket i Rogaland gjer ein stor innsats for å ta vare på desse heiane gjennom frivillige tilskotsordningar. Men det trengst og regelverk som gjer at andre samfunnsinteresser må tilpassa seg dei store verdiane som landbruket her er med å skapa. Status som utvald naturtype vil stilla vesentleg skjerpa krav til betre og meir oppdaterte kartleggingar av kystlynghei.

Tilskot til grunneigarer
Tilskot til tilpassa drift i landbruket i samsvar med skjøtselsplanar er hovudnøkkelen for å ta vare på naturtypen. Her er det behov for vesentleg auka midlar. Arbeidet med rådgjeving, fordeling og kontroll av slike tilskot er omfattande og treng utvida saksbehandlarressursar. Status som utvald naturtype stiller vesentleg skjerpa krav til oppdaterte kart- og eigenskapsdata. Dette vil krevja både midlar til å kjøpa kartleggingstenester og saksbehandlarressursar til kvalitetssikring. Dette behovet er særleg stort i Rogaland med det største kartlagde kystlyngheiarealet.

Høyring handlingsplan for kystlynghei
Fylkesmannen har i samanheng med høyringsframlegget funne grunn til å oppsummera stoda for naturtypen og erfaringane med å ta vare på denne så langt. Høyringsfråsegna har derfor med stoff som ikkje er direkte knytt til høyringsdokumenta. Dei mest konkrete innspela til høyringsdokumentet står under pkt 2, medan pkt 3 gjev viktig bakgrunnsinformasjon for innspela.

Heile høyringsfråsegna finn du i lenka i høgremenyen !

Kontaktpersonar

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.