Bent Høie (f. 1971) er statsforvaltar i Rogaland. Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann, nå statsforvaltar, i Rogaland. Høie tiltredde 1. november 2021.
Bent Høie var helseminister frå 2013 til 2021 i Solberg-regjeringa. Han var stortingsrepresentant for Rogaland i perioden 2000–2021 og var mellom 2010 og 2020 andre nestleiar i Høgre.
Høie har særleg markert seg som helse- og sosialpolitikar. Før han blei statsråd i regjeringa, var han leiar for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget mellom 2009 og 2013.
Starta i lokalpolitikken i heimfylket
Høie starta si politiske karriere i heimfylket Rogaland. Han var innvalt i fylkestinget frå 1991 til 2003. Han leia Rogaland Unge Høyre frå 1990 til 1992. Han var kommunestyremedlem i heimkommunen Randaberg i 1991–1995 og seinare bystyremedlem i Stavanger i 1999–2003.