Oppgåver og ansvar
Statsforvaltarane er regionale, statlege organ som skal gjennomføra nasjonal politikk vedteke av Stortinget. Embeta er eit viktig bindeledd mellom den sentrale statsforvaltninga og kommunane.
Eit særtrekk ved statsforvaltarane er at me gjer fagoppgåver for fleire departement og direktorat, samtidig som me har ansvar for samordning av statleg aktivitet i fylket.
Ansvaret for Statsforvaltaren si verksemd er derfor delt mellom fleire statsrådar, men det er Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet som har det administrative ansvaret.
Sektorrolla
Det er det enkelte departement, direktorat eller tilsyn som legg faglege oppgåver til Statsforvaltaren og har fagleg instruksjonsmynde over embeta. Desse oppgåvene kjem til uttrykk gjennom lover, retningsliner, embetsoppdrag og politiske vedtak og signal.
Statsforvaltaren har i dag sektormynde innafor helse- og omsorgtenester, sosialtenester, barnevern, barnehagar, utdanning, landbruk, miljøvern, samfunnsikkerheit og beredskap.
Som sektormynde skal Statsforvaltaren ved tilsyn, rettleiing og dialog med kommunane og fylkeskommunen, medverka til å setta i verk nasjonal politikk.
Samordning
Statsforvaltaren skal, etter instruksen, medverka til å samordna, forenkla og effektivisera den statlege verksemda i fylket. Dette gjeld for oppgåver som både ligg i og utanfor embetet.
Rettstryggleik
Rolla som ivaretakar av rettstryggleik for enkeltmenneske er heilt sentralt i oppgåvene til Statsforvaltaren. Klagebehandling, tilsyn og rettleiing er viktige verkemiddel knytt til dette.
Knutepunkt for informasjon mellom sentral stat og kommunane
Statsforvaltaren har ei viktig rolle i som rettleiar overfor kommunane og er eit informasjonsknutepunkt mellom sentral stat og kommunane. Men kommunikasjonen skal gå begge vegar. Me skal melda tilbake til sentrale styresmakter om korleis statleg politikk verkar regionalt og lokalt.
Gjennom oppfølging, rettleiing, kompetanseheving og god dialog skal Statsforvaltaren bidra til at kommunane har god nok kompetanse og kvalitet til å gjennomføra nasjonal politikk.
Oppgåvene i kortform
Landbruksavdelinga
- Kompetansesenter
- Legg til rette for, og stimulera til, næringsutvikling
- Langsiktig arealforvaltning – kommunal og regional planlegging
- Fordela tilskotsmidlar
- Kontroll/tilsyn
Miljøvernavdelinga
- Industri, miljøgifter, forureining, avfall, støy (pålegg, løyve og tilsyn)
- Naturvern, vassdrag, biologisk mangfald
- Friluftsliv, jakt og fiske (forvalte, løyve, tilskott)
- Areal jf. plan- og bygningslova (uttale og motsegn)
Utdanningsavdelinga
- Tilsyn, lovlegkontroll og klagebehandling
- Følga opp nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
- Medverka til kvalitets- og kompetanseutvikling i barnehage og skule
- Stimulera til tverrfagleg samarbeid
- Forvalta tilskott
Samfunnsavdelinga
- Klagesaker bygg m.m. (settestatsforvaltar)
- Kommuneøkonomi
- Lovlegkontroll
- Familierett (separasjon/skilsmisse)
- Fri rettshjelp
- Verjemål
Helse- og sosial- og barnevernsavdelinga
- Klageinstans i enkeltsaker
- Hendingsbasert tilsyn med helse- og sosialtenesta
- Planlagde tilsyn med helse-, sosial- og barnevernstenesta
- Iverksetting av statleg politikk og satsingar innan helse- og sosialområda
Beredskapsstab
Hos Statsforvaltaren i Rogaland er arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap organisert i ein eigen stab.
Statsforvaltaren som planmynde
- Formidla nasjonal politikk
- Aktiv aktør i regionalt planarbeid
- Samordning – erfaringsutveksling
- Gje uttale til kommunale planar
- Konfliktløysing: meklarrolle
- Behandla klagesaker
For meir informasjon, sjå under dei ulike fagtemaa på nettsida. Bruk gjerne søkefunksjonen.