Presserom

Statsforvaltaren i Rogaland er organisert i fem fagavdelingar. I tillegg har me embetsleiinga, administrativ stab og beredskapsstab. 

Publisert 10.06.2021

Du kan finna bileta i betre kvalitet i biletarkivet vårt.

Embetsleiinga

Bent Høie er statsforvaltar

 

Lone M. Solheim er assisterande statsforvaltar

John Gunnar Skien er kommunikasjonssjef

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

Bidrar gjennom råd, rettleiing og opplysning til å sikra at helse-, sosial- og barneverntenesta i fylket held høg kvalitet og dekkjer behovet i befolkninga.

Andres Neset er avdelingsdirektør/fylkeslege

Landbruksavdelinga

Skal medverke til gjennomføring av nasjonal landbruks- og matpolitikk på ein regionaltilpassa måte.

Monica Dahlmo er landbruksdirektør

Miljøvernavdelinga

Miljøvernavdelinga forvaltar og rettleier i miljøspørsmål. Avdelinga skal bidra til at regjeringa sin miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå.

Marit Sundsvik Bendixen er fylkesmiljøvernsjef

Samfunnsavdelinga

Avdelinga arbeider mellom anna med oppgåver knytt til kommuneøkonomi, verjemål, klagar etter kommunelova, plan- og bygningslova og namnelova, søknader om fri rettshjelp og separasjons- og skilsmissebevillingar, saker etter barnelova og førespurnader i samband med adopsjon.

Monica Nessa er avdelingsdirektør

Utdanningsavdelinga

Skal medverke til at nasjonale mål for barnehage- og utdanningspolitikken blir følgde opp regionalt og lokalt.

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør

Beredskapsstab

Beredskapsstaben har ansvar for arbeidet vårt med samfunnstryggleik og beredskap.

Reidar Johnsen er fylkesberedskapssjef


Logo og designmal

Statsforvaltarene har eit felles grafisk uttrykk med både logo og designelement.