God struktur og kopling til overordna mål i planprogrammet til Hå
Hå kommune skal revidere både samfunns- og arealdelen av kommuneplanen og har nyleg hatt planprogrammet ute på høyring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Planprogrammet er eit viktig verktøy i kommuneplanprosessen, og skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosess med fristar og deltakarar, medverknad, kva alternativ som blir vurdert og behovet for utgreiingar.
Kommunen har innleiingsvis ein god gjennomgang av føremålet med planprogrammet og ein gjennomgang av viktige internasjonale og nasjonale mål, statlege og regionale føringar og planar, samt kommunale planer og styringsdokument.
Sjølve planprogrammet er godt strukturert og syner ei god kopling frå overordna mål som FN sine berekraftsmål, via nasjonalt og regionalt nivå og fram til kva utfordringar Hå kommune står ovanfor lokalt. Det er skreve i eit direkte språk som inviterer til å engasjere seg – «Kva ønskjer me?», «Kva omsyn må me ta?», «Korleis kan du delta i arbeidet?».
Hå kommune har valt seg ut 6 av FN sine berekraftsmål som satsingsområde i samfunnsdelen:
3 God helse og livskvalitet |
11 Berekraftige byar og lokalsamfunn |
4 God utdanning |
13 Stoppe klimaendringane |
9 Industri, innovasjon og infrastruktur |
17 Samarbeid for å nå måla |
I arbeidet med arealdelen skal kommunen sjå nærare på vidareutvikling av langsiktig arealstrategi, føresegnene, arealbehov, stadstutforming, transport og mobilitet samt næring.
Prioriterer stopp av klimaendring
Det er openbart at kommune har arbeidd godt med til dømes folkehelse frå planprogrammet, i tråd med satsinga på FN sine berekraftsmål. Vidare står også god utdanning og systematisk arbeid med mobbing sentralt. Stoppe klimaendringane er ein av prioriteringane i planprogrammet, og Statsforvaltaren har gitt innspel som me håpar kan bidra til dette arbeidet, både når det kjem til naturbaserte løysningar for klimatilpassing og berekning av klimarisiko.
Fortetting av tettstader
Kommunen satsar tungt på fortetting i eksisterande tettstader, noko som er svært positivt både i klimasamanheng, og også er med på å bidra til å komme nærare målet om berekraftige byar og lokalsamfunn. Kommune har i løpet av det siste året arbeidd med områdeplanar for både Varhaug og Nærbø, der transformasjon og fortetting har hatt høgt fokus.
Ikkje bustader i LNF utanfor tettstadene
Hå er ein av landets viktigaste landbrukskommunar, men landbruksnæringa blir ikkje nemnd i stor grad. I arealstrategien syner kommune til at ei vidareutvikling av den langsiktige arealstrategien rettar seg mot langsiktig grense landbruk rundt tettstadene, og at bustadbygging skal skje gjennom fortetting, transformasjon og høg arealutnytting. Det vert også presisert at det ikkje skal tillatast bygd bustader i LNF-områda utanfor tettstadene. Det er konkret synt til at kommuneplanen skal sjå på tilrettelegging av nye utbyggingsareal i Stokkelandsmarka.
Aktuelle næringsområde
For næring kan det være aktuelt med ei utviding av næringsområda i Stokkelandsmarka og Skoga, og fortetting av allereie eksisterande nærings- og industriområde. Statsforvaltaren har oppmoda til å gjera opp ein status også for tilgjengeleg nærings-/industriareal i kommuneplanprosessen, og eventuelt ta ut område som ikkje er aktuelle lenger.
Risikoområde for flaum og overvatn må kartleggast
Avslutningsvis vil kommunen vurdere kva som må gjerast for å ruste samfunnet mot klimaendringar, noko Statsforvaltaren vil oppmode til. Her er det spesielt viktig å få kartlagt og identifisert risikoområde for flaum og overvatn i arealdelen.
Les heile uttalen i dokumentlenka.