Utviding av Q-meieriet i Klepp utfordrar langsiktig grense landbruk
Q-meieriene sitt anlegg i Klepp treng meir areal til auka produksjon. Forslag til reguleringsplan ved Øksnevadkrossen utfordrar langsiktig grense landbruk og vil omdisponera areal i kjerneområde landbruk. Fylkesmannen har motsegn til planen, men inviterer Klepp kommune til dialog med sikte på løysing av saka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Q-meieriene AS, avd. Jæren Gårdsmeieri, har sidan etableringa i Rogaland halde til ved Øksnevadkrossen. Dei har utvikla verksemda gjennom god utnytting av eiga tomt og gjennom leige av plass på naboeigedomar. Q-meieriene er framleis i god vekst og har behov for større areal til framtidig produksjon. Meieriet har planar om utviding som vil kunne meir enn dobla dagens produksjon.
Reguleringsplan for utviding av Q-meieriet sitt anlegg er på offentleg ettersyn. Fylkesmannen har gitt uttale i saka 06.08.14:
«Føreslått plan har høgt konfliktnivå med nasjonale jordverninteresser og er i strid med Regionalplan Jæren. Planforslaget bryt langsiktig grense landbruk og omdisponerer 13,5 dekar jordbruksjord.
Q-meieriene AS er ei verksemd basert på den viktigaste volumproduksjonen i landbruket, mjølkeproduksjonen. Dette er vektlagd av oss på linje med om vi hadde ein annan stor foredlingsaktør basert på lokale råstoff.
Fylkesmannen fremmer motsegn til planen slik den ligg føre nå. Vi utfordrar Klepp kommune til å kompensere brot på langsiktig grense landbruk gjennom tilbakeføring av areal i andre aktuelle område likt det omfang som planforslaget omdisponerer i kjerneområde landbruk.»
Sjå heile uttalen frå Fylkesmannen og føreslåtte plan i dokumentlenka til høgre.