NVE: Flaumvarsel på oransje nivå i Sauda, Suldal og Hjelmeland
Eit nytt lågtrykk har kome over Vestlandet og Rogaland. Dette kan føra til lokalt mykje regn. NVE har i dag oppgradert flaumvarselet til oransje nivå for tre rogalandskommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei tre kommunane er Sauda, Suldal og Hjelmeland.
Grunn til å vera på vakt
Det er stor vassføring i mange vassdrag. Det er venta mykje nedbør i torsdag, noko som truleg fører til flaumvassføring på oransje nivå i desse tre kommunane.
Hovudtyngda av nedbøren kjem i dag og skal gi seg i løpet av morgondagen. Det er venta temperaturar under null i høgfjellet frå natt til fredag. Situasjonen er følsom for både temperatur og nedbørsmengder.
Det er viktig at vassvegar, som kulvertar og sluk, blir haldne opne for å redusera risikoen for skadar. Reguleringar virkar i nokre tilfelle flaumdempande, og varselet gjeld derfor ikkje nødvendigvis i regulerte vassdrag.
Fare for jordskred
Det er sendt ut jordskredvarsel på gult nivå for det samme området. Dersom det oppstår ekstraordinære situasjonar ber Fylkesmannen om å bli orientert av aktuelle kommunar og etatar.
Hald deg oppdatert
Sjå www.varsom.no for heile varselet til NVE - og meir informasjon.
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31