Søknad om erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2019

Søknadsfrist:
1. november 2019
Målgruppe:
Bønder, husdyreigarer, privatpersonar
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Privatpersonar

Fristen for å søke erstatning for skadar på og/eller tap av husdyr er 1. november. Søknaden skal sendast gjennom Elektronisk søknadssenter. Oppdaterte besetningslister må følgje med søknaden

Publisert 18.10.2019

Fristen for å søke om erstatning for skader på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skader frå freda rovvilt på husdyr. Alle søknader skal leverast elektronisk gjennom Miljødirektoratets database elektronisk søknadssenter. Nye søkarar må først registrere seg som søker.

Alle relevante opplysningar må fylgje søknaden. Dette er viktig for at vi skal kunne vurdere søknaden etter Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt. 

Søknaden må innehalde eit kart der beiteområdet er teikna på. Det er også eit krav om å legge ved ei liste med besetningsdata. Denne skal som minimum innehalde alle individnummer i besetningen, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon.

Søknadsfrist:
1. november 2019
Målgruppe:
Bønder, husdyreigarer, privatpersonar
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Privatpersonar