Ekstra skjønnstilskot som følge av koronautbrotet og kriseskjønn

Søknadsfrist:
30. september 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
19. februar 2021 23:59

Fylkesmannen skal dele ut ekstra skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2020 som følge av koronautbrotet, i tillegg til restskjønn/kriseskjønn for andre uventa økonomiske utfordringar. 

Kommunane må vere tydelege i søknaden på kva som er meirkostnader til smittevern, kva som er andre meirkostnader på grunn av koronautbrotet og kva som er helt andre uventa økonomiske utfordringar i 2020. 

Skjønnstilskota har søknadsfrist 30. september 2020.

Regjeringa legg no fram forslag om ytterlegare 500 millionar kroner meir i ekstra skjønnstilskot til kommunane til oppfølging av TISK-strategien (strategi for testing, isolering, smittesporing og karantene). 

Publisert 21.09.2020

Fylkesmannen har ikkje bestemt nøyaktig fordelingsmodell for ekstra skjønnstilskot som følge av koronautbrotet. Søknader og innspel vil takast omsyn til, men det blir òg vurdert å fordela ein del av skjønnstilskotet til kommunane etter ein fordelingsnøkkel.

Allereie tildelte midlar

I Prop. 52 S (2019-2020) auka skjønnstilskotet til kommunane med 250 mill. kroner på landsbasis som følgje av koronautbrotet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) heldt tilbake 50 mill. kroner og tildelte 200 mill. kroner til kommunane. Av dette blei 17,881 mill. kroner fordelt frå KMD til Rogaland. Midlane er allereie fordelt ut til kommunane av Fylkesmannen.


Ekstra skjønnstilskot til kommunar som har hatt meirutgifter som følge av koronautbrotet

I Prop. 67 S kom det ei ny auke av skjønnstilskotet til kommunane med 150 mill. kroner på landsbasis. KMD fordelte ut 200 mill. kroner, desse nye 150 millionane + dei 50 millionane som var heldt igjen frå førre løyving. Summen til Rogaland blei lik som sist, 17,881 mill. kroner, som skal fordelast til kommunane av Fylkesmannen.

Desse tilskota skal gå til kommunar som har hatt meirutgifter i samband med koronautbrotet. 

Ekstra skjønnstilskot til smittevern

Stortinget har vedtatt forslaget i Prop. 127 S (2019-2020) om å auke skjønnstilskotet til kommunane med 400 mill. kroner, for å dekke utgiftene til smittevern i det kommunale tenestetilbodet. Tilskotet skal gå til kommunar med særleg store utgifter til smittevern, til dømes innan omsorgstenesta, barnehage eller skole.

KMD har fordelt midlane i kroner per innbyggar, med differensierte satsar der det er tatt omsyn til den kumulative smittesituasjonen i fylket, per uke 23. Av desse midlane har KMD fordelt 33,3 mill. kroner til Rogaland.

Kommunar som får tildelt skjønnstilskot til smittevern skal levere ein enkel rapport på kostnadene og bruken av midlane i etterkant, sjå frist for rapportering.

 

Restskjønn/kriseskjønn

I tråd med føringar frå departementet har Fylkesmannen for 2020 halde tilbake deler av skjønnsramma til fordeling gjennom året. Dette utgjer 5,9 mill. kroner. Desse midlane skal bidra til å ivareta kommunar som opplever uventa og ekstraordinære økonomiske utfordringar gjennom året, inkludert naturskade.

Kommunane kan melde inn om behov for tilskot til uventa økonomiske utfordringar. Viss ikkje midlane vert prioritert til andre uventa økonomiske utfordringar vil dei bli slått saman med tildelinga av skjønnstilskot som følge av koronautbrotet.


Om søknadsprosesssen

Alle skjønnsmidla over har søknadsfrist 30. september 2020. I søknaden om skjønnstilskot knytt til koronautbrotet er det viktig at kommunen gjer greie for kor stor del av beløpet som dreier seg om dekking av kostnader til smittevern og kor stor del som dreier seg om andre meirkostnader.

Søknader og innspel sendast til fmropost@fylkesmannen.no.

Meir pengar til kommunane for utgifter under koronakrisa

Regjeringa legg no fram forslag om ytterlegare 500 millionar kroner meir i ekstra skjønnstillskot til kommunane til oppfølging av TISK-strategien (strategi for testing, isolering, smittesporing og karantene). Sjå lenke til meir informasjon frå Regjeringa og til Prop. 142 S (2019 - 2020).

Pengane skal gå til kommunar som har hatt særleg store utgifter til testing og smittesporing under koronakrisa. Fylkesmannen skal sjå desse nye midlane i samband med dei midlane som tidlegare i år er bevilga til særlege utgifter og smittevern som følge av virusutbrotet.

Søknadsfrist:
30. september 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
19. februar 2021 23:59