kommunereforma
NYHENDE NR. 3 – AUGUST 2015
«Kommunepolitikere over hele landet er i gang med
å diskutere nye kommuner. Det gir oss en gyllen anledning til å utvikle
lokaldemokratiet. I dag presenterer vi en samling gode eksempler, verktøy
og metoder, som skal inspirere kommunene til å forbedre lokaldemokratiet,
sier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.»
LOKALDEMOKRATI
Ny rettleiar og debatthefte om lokaldemokratiet
er no publisert og kan nyttast i arbeidet med å bygge nye kommunar.
hendingar i og utanfor fylket
Prosjektet “Regionkommune Sunnmøre” har kome med sin sluttrapport
og anbefalingar for arbeidet vidare. Deltakande kommunar er: Ulstein,
Hareid, Sula, Ålesund, Skodje, Haram, Sandøy, Ørskog, Stordal, Norddal,
Giske, Stranda og Sykkylven. Rapporten finn du her.
Kva skjer i Gloppen
kommune og nabokommunane? Siste
nytt om utviklinga av kommunereforma i Sunnfjord.
KVA HENDER FRAMOVER
Fylkesmannen ynskjer at kommunane inviterer til møte/samtalar når
dei vurderer behov for det - slike møte vil bli prioritert.
Fylkesmannen inviterer seg også ut til kommunar, eller inviterer
kommunar til møte framover hausten – dette vurdert ut i frå kva
utfordringar vi ser den einskilde kommune står ovanfor.
Prosjektleiarar i regionråda for kommunereforma og
prosjektansvarlege hjå fylkesmannen skal ha møte 3. september. Fylkesmannen
inviterer kontaktpersonar for kommunereforma til samling i Molde 30.
september. I forkant av kontaktpersonsamlinga ønsker fylkesmannen
innspel frå TENKETANKEN sine medlemmer på
arbeidet framover den 29. september.
|
FYLKESMANNEN
HAR ORDET
|
Fylkesmannen følger utviklinga med
kommunereforma i Møre og Romsdal tett. Det er stor aktivitet, og ein av
dei nyaste hendingane er sluttrapporten frå Regionkommune Sunnmøre,
felles møte mellom kommunane i Romsdal regionråd for planlegging av å
starta opp eit felles forhandlingsutval, og i dag felles
formannsskapsmøte mellom kommunane på Nordmøre.
Fylkesmannen ser behov for at kommunane
samordnar seg i det vidare arbeidet. Denne planlegginga er i full gang i
og mellom kommunane. For å letta dette arbeidet vil fylkesmannen
utarbeide eit forslag til milepælsplan
for kommunane fram til 1. juli 2016.
Milepælsplana vil bli utarbeida i samarbeid med kontaktpersonane for
kommunereforma. Samstundes vil fylkesmannen laga forslag til ein mal
for det endelege vedtaket, og
gje nokon råd om forhandlingsutval, intensjonsavtalar
og møteorganisering ved forhandlingar.
No når kommunane snart er i mål med å
innhenta fakta og kunnskap om sin kommune er det viktig at dette
vurderast i eit framtidsperspektiv ut i frå:
·
Strukturar:
Kva slags kommune vil eg bo i
framover? Kva betyr ein kommune for meg - mangfald av arbeidsplassar,
kulturtilbod, fritidsaktivitetar osv.? Korleis støtte både distrikt og
bysentrum i ein og same kommune?
·
Økonomi:
Korleis få til bærekraft i min framtidige
kommune? Korleis sikra at eg får eit godt tenestetilbod i eks. skule og
helse- og omsorg?
·
Samfunnsutvikling:
Korleis skape ein robust og attraktiv
kommune? Korleis skape nye arbeidsplassar, kulturtilbod og varierte
næringar?
·
Lokaldemokrati:
Korleis vil du at skal lokaldemokratiet skal
formast framover i vårt moderne samfunn? Korleis ynskjer du å involvera
deg i utviklinga av lokalsamfunnet der du bur?
No er kommunane midt oppe i spennande
valtider, og dei nye politikarane vil heilt sikkert få ein interessant og
spanande valperiode framfor seg!
Godt val!
|
|