Fylkesmannen deler ut prisar, «Kulturlandskapspris» og «Årets økobonde»
På «Trøndersk landbrukskonferanse» på Hell delte Fylkesmannen ut både «Kulturlandskapspris» og pris til «Årets økobonde».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kulturlandskapsprisen
Heidi og Trond Olav Beitland frå Beitlandet i Forradalen i Stjørdal fekk «Kulturlandskapsprisen» for det store arbeidet dei har gjort for å ta vare på kulturlandskapet på Beitland. Her vart det spesielt vektlagt arbeid dei har gjort med slått og beiting på tungdrivne og bratte areal for å ta vare på artsrike og nasjonalt svært viktige slåttemarker. Det vart og vektlagt deira engasjement for å formidle verdiane som finns i dette kulturlandskapet og søken etter kunnskap. Ljåslåttfilmen som dei laga for nokre år sidan vart spesielt trekt fram.
Årets økobonde
Prisen for «årets økobonde» gjekk til Rennebu med trekløveret, «Gården Steigen» med Turid Nordbø og Steinar Vatne, «Gården Grindalsjela» med Ragnhild Nordbø og Tormod Herre og «Grindal Ysteri AS». Prisvinnarane får prisen for si store interesse for økologisk jordbruk, gode agronomar og god dyrevelferd. Mykje av mjølka blir brukt i eigen økologisk osteproduksjon til blant anna «Råblå» som fekk gullmedalje i Oste-VM i haust. Om sommaren driv dei Jelssetra i Trollheimen der mjølka blir vidareforedla til rømme, yoghurt og ost og seld til forbifarande turistar. Prisvinnarane er gode ambassadørar for økologisk landbruk ved å delta på Bondens marknad, Trøndersk matfestival og Rennebumartnan.