Søknad om løyve til tiltak på Jernverkstomta på Notodden

Høyringsfrist:
3. mars 2021

Vannfronten Eiendom AS har søkt om løyve etter forureiningsregelverket til tiltak i forureina grunn på Jernverkstomta i Notodden kommune. 

Publisert 16.02.2021

Søknaden omfattar gbnr. 244/30 m.fl. i Notodden kommune. Tidlegare industriverksemd har medført at grunnen er forureina av mellom anna metall og PAH. Eigedomen skal utviklast til ulike formål i samsvar med kva området er regulert til, primært parkareal, promenade og infrastruktur.

Det er ikkje registrert verdifull natur på eller nært Jernverkstomta (kart.naturbase.no, Miljødirektoratet). Forureiningssituasjonen og risiko er kartlagt og vurdert av miljøfagleg konsulent, og tiltaka skal utførast i samsvar med ein tiltaksplan (5.1.2021, Grunnteknikk AS).

 

Eventuelle merknader kan sendast innan 3. mars 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvaltaren.no