Søknad om utfylling ved Nisser Brygge i Nissedal
- Høyringsfrist:
- 1. februar 2024
Nisser Brygge AS søker om løyve etter forureiningslova til å fylle ut sand på og ved sprengsteinsfylling for å etablere sandbotn ved Nisser Brygge i Nissedal kommune.
Nisser Brygge AS søkte 08.06.2022 (søknad oppdatert 06.12.2022) om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 24 300 m3 stein over eit areal på 33 700 m2 sjøbotn. Utfyllinga skal utførast ved Nisser Brygge, gbnr. 33/261 og 295 i Nissedal kommune. Dette sendte vi førehandsvarsel om 16.01.2023. På grunn av bl.a. avklaring m.o.t. drikkevassinntaket, har vi ikkje fatta vedtak i saka enda.
Under saksbehandlinga har det komme fram at tiltakshavar ønskjer å fylle sand på deler av sprengsteinfyllinga, for å få botn som likner dei naturlege forholda i området. Dei søker derfor om å fylle ut inntil 6 000 m3 sand under normal vasstand i området der dei også søker om å fylle sprengstein. For å få rett helling på botn, vil utfylling av sand også dekke 4 000 m2 utanfor sprengsteinfyllinga.
Dei skal fylle ut med sand som tidlegare har vore grave opp frå Nisser i tiltaksområdet. Arbeidet skal, som ved fylling av sprengstein, utførast med gravemaskin frå land ved låg vasstand og med bruk av siltgardin. Forholda i tiltaksområdet er dei same som for utfylling av sprengstein. Det er ikkje registrert naturverdiar i tiltaksområdet.
Eventuelle merknader til søknaden om utfylling av sand kan du merke 2022/4252 og sende innan 01.02.2024 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høyringsfrist:
- 1. februar 2024
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding