Høyring av verneplan for skog
- Høyringsfrist:
- 22. april 2024
Forslag til utviding av Kleppefjell naturreservat i Hjartdal kommune – med endring av namn til Kleppefjell og Venelinuten naturreservat.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sender med dette på høyring framlegg til utviding av Kleppefjell naturreservat i Hjartdal kommune, Telemark. Området grensar inntil eksisterande Kleppefjell naturreservat og Statsforvaltaren foreslår at namnet på det nye reservatet skal vera Kleppefjell og Venelinuten.
Bakgrunnen for framlegget er eit tilbod frå grunneigarene i området om frivillig vern av skog. Tilbodet kom inn 5. juli 2019 gjennom AT Skog. Det er gjort registreringar av naturverdiane i området i 2019 som dokumenterer verdiar som kvalifiserer for vern etter naturmangfoldloven.
Namn |
Kommune |
Eksisterande areal i dekar |
Utviding |
Totalareal |
Verneverdi |
Kleppefjell og Venelinuten |
Hjartdal |
1739 |
21328 |
23067 |
Nasjonal (***) |
Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområdet.
Høyringsfristen er 22. april 2024.
Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no.
Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, tlf. 33 37 10 00.
- Høyringsfrist:
- 22. april 2024
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00