Statlege forventningar til kommunane i 2025
– Når staten vedtar lover, retningsliner og nye satsingar, er det ofte kommunane som skal levere. I det årlege forventningsbrevet til kommunane klargjer vi dei viktigaste og dei nye forventningane som regjeringa har til kommunane, seier fungerande statsforvaltar Fred- Ivar Syrstad.
Velfungerande kommunar er heilt avgjerande for gjennomføring av statleg politikk. Det gjeld mellom anna på skule- og barnehageområdet, innan helse- og omsorgstenestene, på miljø- og landbruksområdet og i forvaltninga av areala.
No har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit forventningsbrev til kommunane for 2025. Dokumentet skal vere med på å skape eit godt grunnlag for samarbeid og dialog gjennom året.
Statsforvaltaren har eit overordna ansvar for å:
- sørge for at nasjonal politikk blir gjennomført i fylket
- vareta ei rekke forvaltningsoppgåver på vegne departement og direktorat
- vareta rettstryggleiken til innbyggjarane ved å føre tilsyn med delar av kommuneverksemda og gjennom å vere klageinstans for kommunale vedtak
- formidle og samordne statlege styringssignal til kommunane, og gi råd og rettleiing til kommunar og andre i samsvar med oppdrag frå regjeringa og fagdepartement/direktoratet
Lenke til forventningsbrevet finn du under "Dokumenter" oppe til høgre.