Endringar i beitelagskart på Kilden kan meldast inn før 21. mars
Nibio oppdaterer beitelagskarta på kilden.nibio.no kvart år. Kommunar som får informasjon om endring av beiteområde frå beitelaga bedast senda kart med markering av endringar til Statsforvaltaren. Klikk deg inn via lenka over og zoom eller skriv inn kommunenamn for å få opp beitelag i kommunen din.
Vêr merksam på at karta til lag som ikkje søker tilskot til drift av beitelag forsvinn frå Kilden. Om laget søkar eit seinare år, vil kartet bli synleg att. Karta vi ser no er frå 2020. Beitelagskarta i Kilden skal oppdaterast - frist 21. mars
Beitelagskarta skal vise kvar dyra faktisk beitar, og ikkje kvar beitelagsgrensa er. Om det ikkje har vore endring i beiteområdet siste år er det ikkje behov for å senda inn kartet på nytt.
Ver og merksam på at beitelagskartet i Kilden ikkje kan visa overlappande beiteområde. Om to eller fleire beitelag har overlappande beiteområde, så må det setjast ei “fiktiv grense” på kartet i Kilden.
De finn meir info om beitelagskart hjå Kilden.no
Kontaktpersonar
-
Mona Olsrød
Tlf: 33 37 23 64