Endringar i tilskot ved produksjonssvikt
Tilskot ved produksjonssvikt var eit av punkta i jordbruksavtala. Nokre endringar trer i kraft i 2022.
Publisert 16.06.2022
For 2022-sesongen gjeld:
- Alle berekningssatsane vert auka med 15 %
- Taket på tilskotet i vekstgruppene frukt, bær, poteter og grønsaker vert auka til 1,5 millionar per bruk
- Følgjeskader etter vinterfrost i frukttre kan gje grunnlag for tilskot i meir enn to år
Frå 2023 vil det verte fleire endringar i ordninga. Mellom anna vil det verte ein gjennomgang av alle satsane, og det vil kome meir presise føringar knyta til klimaprosenten i grovfôr på bruk med husdyr.