Informasjon om arbeidskraft

Vi ønsker å gi dykk ei lita oppdatering på kva som skjer rundt arbeidskraft i landbruket.

Publisert 23.04.2021

Dette veit vi:

 

 

 

 

 

  • Det viser seg at arbeidarar som er i Noreg over ei viss tid har rett på vaksine på lik linje som oss som bur i Noreg. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksinasjon/koronavaksinasjonsprogrammet/. Dei må kontakta kommuneoverlegen i den kommunen dei bur. I samsvar med forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram § 1 gjeld programmet alle personar i definerte målgrupper som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen. Tilbodet omfattar utanlandske statsborgarar som oppheld seg i Noreg dersom dei tilhøyrer dei definerte målgruppene for vaksine. Registrering i SYSVAK kan gjerast på fødselsnummer og D-nummer. Registrering på DUF-nummer er mogleg, men dette føreset at personopplysningar er detaljerte og riktige ved innmelding.

 

  • Planting av skog sesongen 2021. Stortinget har vedteke å løyve kr 1,50/plante som blir sett ut denne perioden. Løyvinga kjem i revidert statsbudsjett i mai og formålet er både til opplæring av norsk arbeidskraft og dekning av ekstrakostnader som innreiserestriksjonane medfører for skogbruket. Nære reglar vil koma etter kvart.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.