Landbruksteljing 2020
I løpet av hausten 2020 vil Statistisk sentralbyrå gjennomføre ei ny landbruksteljing i Noreg. Dette inneber fullteljing av landbruket for å kartleggje talet på jordbruksbedrifter, totalt jordbruksareal i drift, talet på ulike typar husdyr, arbeidsinnsats fordelt på driftsformer m.m.
SSB skriv: Vi veit frå tidlegare undersøkingar at ein del gardbrukarar har kontakta dykk for hjelp til å fylla ut skjema. Sidan årets teljing er elektronisk via Altinn, og utan papirskjema, vil det nok i mindre grad vere aktuelt for landbrukskontora og andre offentlege instansar å bidra aktivt til rapporteringa for den enkelte gardbrukar. Vi håper likevel dykk har moglegheit til å hjelpe dei gardbrukarane som tek kontakt med dykk for å skaffe nødvendig informasjon til skjemautfyllinga.
Sjå meir om landbruksteljinga i dei vedlagte skriva frå SSB.