Ny gjødselbrukforskrift 01.02.2025
Forskrift om gjødslingsplanlegging gjeld likevel t.o.m. 2025.
Endeleg kom den nye gjødselbruksforskrifta, som det har vore jobba med i årevis.
Den nye forskrifta gjeld frå 01.02.2025, men det er viktige unnatak. Mellom anna skal gjødslingsplanar laga etter den gamle forskrift om gjødslingplanlegging, godkjennast i 2025.
Det landbruksnæringa og landbruksforvaltninga må gjera i 2025, er å læra seg det nye regelverket, og å gjera naudsynte tilpassingar. Om me avdekker feil eller utilsikta konsekvensar, må me melde frå om det.
Me oppmodar alle til å setja seg inn i gjødselbrukforskrifta. På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de mykje informasjon om den nye gjødselbruksforskrifta. Landbruksdirketoratet har halde webinar for Norges Bondelag om den nye gjødselbruksforskrifta. Slidane finn de på heimesida til Norges bondelag.
Elles inviterer me til kompetansesamling på Teams 18.03.2025. Forhåpentleg får me då ein god diskusjon og felles refleksjon. Sett av tida og meld dykk på!