Svar på rundspørjing om rutinar!
Rundspørjinga gjeld rutinar for vurdering av vanleg jordbruksproduksjon ved handsaming av PT-søknadar.
Grunnen til at me spør er at me i årsrapporten til LMD må svara på om kommunane har rutinar som sikrar at grunnvilkåret om ‘vanleg jordbruksproduksjon’ er oppfylt når vedtak om produksjons- og avløysartilskot vert fatta.
Beste måten for å finne ut av det er sjølvsagt å spørje kommunane. Det har meg gjort gjennom eit spørjeskjema, der de skal svara på tre spørsmål. Spørjeskjemaet er sendt til ein person ved kvart kontor, som me veit at jobbar mykje med PT.
Ein del kommunar har svart. Det er fint om dei som ikkje har svart, gjer det i løpet av denne vaka.
Eit par sakshandsamarar har spurt om det er spam. Me tek til etterretning at rundspørjingar i Jotform kan sjå ut som spam.