Forskrift om ekstraordinært tilskot til planting i skog er fastsett
Landbruks- og matdepartementet fastsette i går, torsdag 16. april, ei midlertidig forskrift om tilskot for planting av skogplanter våren 2020. Ordninga skal kompensere for auka kostnadar til utplanting som følgje av koronaviruset og på den måten sikre at alle produserte plantar vert satt ut.
Her er lenke til nyheitsaka frå departementet.
Det er mange uavklarte spørsmål knytt til forvalting av tilskotet. Landbruksdirektoratet har i dag informert om at nærare retningsliner vil kome neste veke. Fylkesmannen har invitert tilsette med skogoppgåver i kommunane til eit Teams-møte måndag 20. april kl. 12. Vi gjennomfører møtet som planlagt. Då vil vi gje informasjonen vi har fått så langt.
Landbruksdirektoratet har bede om at forvaltninga venter med å gi informasjon ut til skogeigarar til det er gjeve nærare føringar for søknadsprosessen. Vi ber dykk i kommunane om å følgje oppmodinga.