Rentemidlar skogfond – påminning om budsjett for kommunen
I brev 28.10.2022 fekk kommunane informasjon om budsjettering for bruk av rentemidlar av skogfond i 2023. Hugs å leggje inn budsjett for 2023 i ØKS.
Publisert 12.01.2023
For å kunne utbetale rentemidlar i 2023, må kommunen ha eit godkjent rentemiddelbudsjett i ØKS. Mange av kommunane har allereie lagt inn sine budsjett i ØKS. Statsforvaltaren vil godkjenne rentemiddelbudsjetta til kommunane fortløpande, etter at vi har bytt rekneskapsår i ØKS.