Viktig informasjon til deg som er bonde i Vestfold og Telemark
Ein stor takk til alle som produserer mat i fylket vårt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange menneske tek i dag matproduksjon som noko som går av seg sjølv. I desse dagar blir mange minna om at matproduksjon er avgjerande for å få samfunnet til å fungere. Landet vårt er inne i ein heilt spesiell situasjon som gjev svære utfordringar for helse, næringsliv og samfunn. Landbruket møter no utfordringar på rekke og rad. Godt samarbeid bønder i mellom og mellom landbruksnæring og myndighetar er viktig i dagar og månader framover. Helsetilstand og smittespreiing av Covid19 vil stå i sentrum, men matproduksjon er i høgste grad ein samfunnskritisk faktor. Nedanfor har vi samla litt info som vi håper er nyttig for deg. Takk for at de kvar dag står på og bidreg til avgjerande matforsyning i landet vårt! Helge Nymoen, direktør landbruksavdelingen og |
Arbeidshjelp i landbruket
For endringar i nasjonalt regelverk - følgje med på landbruksoppdateringar på regjeringa si nettside og informasjon frå regjeringa og departementa om tiltak og råd til befolkninga om koronaviruset.
Utanlandsk arbeidshjelp i landbruket
Mange bønder nyttar utanlandsk arbeidshjelp i ulike produksjonar. Det er for tida uvisst kor lett eller vanskeleg det vert å skaffe slik arbeidshjelp gjennom sesongen. Allereie melder tidlegprodusentar av grønsaker at dei ikkje får tak i den vanlege arbeidshjelpa dei har bruka å nytte frå land utanfor EØS/EU.
Fylkesmannen har aktiv dialog med Landbruks- og Matdepartementet med håp om å få halde på og få inn utanlandsk kompetanse og arbeidshjelp i eit visst omfang denne vekstsesongen. Situasjonen for landbruket blir også formidla frå krisestaben hjå fylkesmannen og inn til koordinerande kriseleiing i regjering. Samstundes jobbar vi saman med landbruksorganisasjonane, NAV og andre for å koordinere og tilrettelegge for norsk arbeidskraft inn i landbruket.
Kven kan hjelpe med arbeidshjelp?
Landbrukstjenestene melder om at dei kan ha ressursar som kan nyttast til ulike arbeidsoppgåver i landbruket, særleg er kompetanse på maskinkøyring nemnd. Dei har lang erfaring med formidling av arbeidskraft i landbruket. I gamle Vestfold har dei hatt god kontakt med grøntsektoren gjennom bl a gartnerlærlinger og haustelag. I gamle Telemark har dei mange medlemmer i fruktmiljøet. Ta kontakt om du treng arbeidskraft eller vil tilby tjenester: Vestfold: post@vlt.no Heimeside: www.vlt.no
Telemark: www.landbrukstenester-telemark.no
NAV opplever no ei mengd permitteringar og sit med eit historisk tal menneske registrerte som arbeidsledige. Samtidig får vi også melding om at enkelte arbeid har større behov for arbeidskraft, og som ønskjer eit tal menneske som kan vere i vernebuing når det skulle knipe.
NAV har derfor starta ei omfattande kartlegging av kompetanse, og vil framover lage vernebuingsliste innanfor forskjellige yrke, også innanfor landbruket. Det vil vere naturleg å finne vernebuing innanfor våronn, innhausting av bær og grønsaker, og sjølvsagt anna forefallande arbeid. Har du behov for arbeidskraft fremover, kontakt ditt lokale NAV-kontor. Sjå også www.arbeidsplassen.no
Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
Ordninga skal hjelpe til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødslepermisjon eller sjukt barn. Landbruksdirektoratet har oppdatert informasjonen om ordninga knytt til koronasituasjonen. Les meir på nettsida til Landbruksdirektoratet.
Koronavirus og dispensasjon frå søknadsfristen for produksjonstilskot
Dersom eit føretak ikkje har hatt moglegheit til å levere søknad om produksjonstilskot innan fristen 15. mars på grunn av at søkjer har vore sjuk med koronavirus, eller støtt på andre problem knytt til koronavirus, kan det vere eit «særskilt høve» som gjer at det kan bli gitt dispensasjon frå søknadsfristen. Sjå meir informasjon på vår nettside.
Informasjon frå Mattilsynet
Hos Mattilsynet finn du informasjon om smittehygieniske tiltak for eigarar av produksjonsdyr og hest. Her er også råd om kva du skal gjere om du blir sjuk, råd ved dyretransport og råd til yrkesgrupper som skal til gardar. Les meir på Mattilsynet sine nettsider.
Verneplan på garden
Kva gjer du dersom du blir sjuk? Kven kan drifte garden då? Kor lett er det for avløysaren å setje seg inn i gardsdrifta di? Har du oppdaterte rutineskildringar?
Det er viktig at du har ein verneplan for garden din. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) sine HMS-rådgivarar kan hjelpe deg med å lage eller oppdatere verneplanen. Dei har også ei krisehjelpsteneste.
Informasjon frå næringsorganisasjonane
Les om Korona-informasjon på nettsida til Norges Bondelag
Les om Korona-informasjon på nettsida til Norges Bonde- og småbrukarlag
Situasjonen i skogbruket
Også i skogbruket kan det bli ein utfordrande situasjon med tanke på arbeidskraft og årets sesong. Vi støttar skognæringa si oppfordring om at skogeigarane fortset å halde aktiviteten oppe og bestiller hogstoppdrag, tynning, planting og ungskogpleie. Vi vil også minne om stor skogbrannfare, og ber alle aktørar være varsom.
Skognæringa ber skogeigarar til aktivitet
I ein periode der tiltak for å redusere smittespreiing pregar kvardagen, ber skognæringa alle skogeigarar til å vurdere tiltak i skogen sin.
Skogeigarorganisasjonane melder om at skogbruksleiarar er på jobb og gjer avtalar om oppdrag for skogeigarar som før. Dei har innført tiltak for å redusere smittespreiing gjennom all aktiviteten sin.
Har du som skogeigar fått ledig tid - så nytta sjansen til å oppdatere deg på kva som bør gjerast i skogen!
Informasjon frå Innovasjon Noreg
Har du økonomiske utfordringar som følgje av Korona-pandemien er det høvet til å søkje avdragsutsetjing på lån i Innovasjon Noreg. Bruk denne linken:
Dei som jobbar med landbruk i Vestfold og Telemark, er:
- Nils O. Kverneland, tlf. 958 58 608, tradisjonelt landbruk
- Elin Akre Tellum, tlf. 951 51 520, tradisjonelt landbruk
- Beret M. Haga, tlf. 934 50 491, tilleggsnæring og mat