Førehandsvarsel - Mudring ved Skjerkøyveien i Bamble

Føremålet er å rydde området for dekk-klipp

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2021

På vegne av Ragn-Sells AS søkte Assplan Viak AS den 12.02.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 5000 m2 sjøbotn. Mudringa skal gjerast ved Skjerkøyveien 80, gbnr. 15/52 i Bamble kommune.

Føremålet er å rydde området for dekk-klipp estimert til å utgjere et volum på 300 m3. Det søkast om å utføre arbeidet med sugemudring (airlift) frå lekter. Dekk-klipp, vann og sediment blir ført via eit rør frå botnen til ein splittlekter. Splittlekteren vil ha eit filter i botnen som skal holde tilbake dekkbitane. Dekkbitane som blir tatt opp blir lagt på lager før det blir sendt til forbrenning. Det er søkt om å tilbakeføre vatn og sediment tilbake til sjø.

Søker informerer om at dei skal nytte siltgardin rundt lekteren og rundt tiltaksområdet. Dei skal overvake turbiditet kontinuerleg under gjennomføring av tiltaket. Antatt varigheit for tiltaket er fem veker.

Sjøbotnen ved tiltaksområdet har vore analysert for miljøgifter ved 7 stasjonar, der tre stasjonar er innanfor området med dekk-klipp. Resultata viser konsentrasjonar av kvikksølv, TBT, dioksin og furaner tilsvarande tilstandsklasse V (svært dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment («Veileder M-608: Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast innan 10.03.2021 til: 

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.