Søk om tilskot for å ivareta natur i 2025!

Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter er no opna og det er mogleg å søkje om tilskot til å ivareta natur i fylket vårt. Søknadsfrist er 15. januar 2025.

Publisert 07.01.2025

Frå og med 2025 er dei tidlegare tilskotsordningane for trua artar, trua naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og fjerning av framande organismar slått saman til éi ordning. Den nye samanslåtte ordninga heiter "tilskot til tiltak for å vareta natur". Søknadsskjema finn du her: Tilskudd til tiltak for å ivareta natur - Søknadssenter - Miljødirektoratet

Alle kan søkje på ordninga. Du kan i stor grad søkje om tilskot til dei same tiltaka som før.

Formålet med ordninga er at ho "skal bidra til bevaring av trua artar og naturtypar, utvalde naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og hindre negativ påverknad frå framande artar."

Du kan søkje om tilskot til:

  • vedlikehald, skjøtsel og restaurering
  • tilpassa jordbruksdrift som blir gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i og i tilknyting til areal blir ivareteke eller blir forbetra
  • innkjøp og montering av utstyr til skjøtselstiltak
  • konkrete tiltak for enkeltartar, til dømes bevaringsutsetjing og innsamling av frø
  • etablere leveområde for ville pollinerande insekt
  • ta opp kampen mot framande artar
  • kartlegging og overvaking i samband med gjennomføring av tiltak
  • utarbeide tiltaks- og skjøtselsplanar
  • informasjonsarbeid

Sjå forskrifta for tilskotsordninga her: Forskrift om tilskudd til tiltak for å ivareta natur - Lovdata

Korleis søkje:

Trykk på lenkja til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkjer og finne informasjon om søknadsprosedyren saman med omtale av tilskuddsordninga. Vi oppmodar dei som har eige føretak til å bruke dette i søknadsskjemaet. Dersom du søkjer som privatperson vil det bli trekt skatt av eigeninnsatsen sidan dette blir rekna som arbeid. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til, skal også skje gjennom søknadssenteret.

 

Søknadsfrist: 15. januar 2025!

 

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.