Nye skogområde verna i Telemark
Regjeringa verna i dag 21. juni 27 nye skogområde i åtte fylke. Av desse ligg åtte område i Telemark.
– Med dette vedtaket bevarer me viktige leveområde for mange trua artar. Regjeringa vil sikra god framdrift i skogvernet, og med årets løyving på 800 millionar kroner kan me verkeleg få opp tempoet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Dagens vernevedtak omfattar 45 km2 nytt verneareal, og 34 km2 er produktiv skog.
Oversikt over dei nye naturreservata:
Navn |
Kommune |
Areal i dekar |
Barlindknuten | Kragerø | 402 |
Bjønntjenn - utviding | Drangedal | 6639 |
Grønlifjellet | Drangedal | 2322 |
Hanakne | Porsgrunn | 240 |
Meheia og Tiurleikåsen | Nome | 1073 |
Midtstrondbekken - utviding | Tinn | 7432 |
Tårånli - utviding | Kviteseid | 3544 |
Viersdalen | Porsgrunn | 1129 |
Ei rekkje område skal vernast framover
Samarbeidet mellom skogeigarorganisasjonane og miljøstyresmaktene om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og dei første områda vart verna i 2005. Så langt er det verna 924 skogområde i dette samarbeidet. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og det blir arbeidd med ei rekkje nye skogområde med sikte på vern.
Dokument
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00