Skjønnsmidlar til kommunar med høge meirutgifter til korona
Statsforvaltaren har fordelt 65 millionar kroner til kommunane i fylket. Pengane skal dekke ekstrautgifter til smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av pandemien.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stortinget løyva for første halvår 1,5 mrd. kroner i ekstra skjønnsmidlar til kommunane i landet grunna pandemien. 65 mill. kroner av løyvinga blei vidare sett av til kommunane i Vestfold og Telemark. Statsforvaltaren har no fordelt midlane på kommunane i fylket.
-Meirutgiftene til fleire av kommunane auka monaleg i takt med smittesituasjonen tidlegare i vår. Ramma på 65 mill. kroner er derfor ikkje stor nok til at alle kommunane får dekt sine meirbehov, seier statsforvaltar Per Arne Olsen.
Midlane er fordelte på bakgrunn av smittetrykket i kvar enkelt kommune og kommunane sine rapporteringar om meirutgifter til statsforvaltaren, og er sett i samanheng med auka innbyggartilskot grunna i pandemien. - I tillegg har vi hatt eit heilhetleg blikk på situasjonen kommunane har stått i, seier Olsen.
Fleire kommunar har i stor grad fått dekka sine meirutgifter gjennom auka innbyggartilskot. Det gjeld kommunar med relativt lågt smittetrykk. Disse kommunane får ikkje tildelt skjønnsmidlar i denne omgang. I revidert nasjonalbudsjett foreslo regjeringa å løyve ytterlegare 1,5 mrd. kroner i skjønnsmidlar for andre halvår.
Tabellen syner den kommunevise fordelinga av midlane.
Kommune |
Ekstra koronaskjønnsmidlar første halvår 2021 |
Horten |
6 000 000 |
Holmestrand |
6 000 000 |
Tønsberg |
7 500 000 |
Sandefjord |
9 300 000 |
Larvik |
7 500 000 |
Porsgrunn |
6 500 000 |
Skien |
11 000 000 |
Notodden |
1 000 000 |
Færder |
6 000 000 |
Siljan |
1 200 000 |
Bamble |
1 000 000 |
Kragerø |
500 000 |
Midt-Telemark |
1 000 000 |
Vinje |
500 000 |
SUM |
65 000 000 |