Auka beredskap for utbrot av fugleinfluensa i Vestfold og Telemark
Mattilsynet har bede alle kommunane gjere naudsynte førebuingar dersom det vert eit tilsvarande utbrot av fugleinfluensa blant villfugl i Vestfold og Telemark som me no har i Nord-Noreg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rollar og ansvar Mattilsynet og Statsforvaltar
Mattilsynet har det overordna ansvaret for handteringa av fugleinfluensa og iverkset tiltak i dei hardast ramma områda. Mattilsynet støtter og rettleier kommunane i eit eventuelt arbeid med innsamling og destruksjon. Det er også dei som skal ha informasjon om nye utbrot/funn av mange døde fuglar. Kontaktinformasjon til Mattilsynet er postmottak@mattilsynet.no eller telefon 22 40 00 00.
Statsforvaltaren understøttar dette arbeidet, og har ansvar for samordning på regionalt nivå. Statsforvaltaren har også fullmakt til å gje dispensasjonar frå regelverket for verneområde dersom det er naudsynt for fjerning av døde fuglar.
Ansvar kommunane
Kommunane er lokal miljøvernmynde. Kommunene er no bedne av Mattilsynet om å førebu organisering av innsamling av døde fuglar ved eit utbrot og korleis fuglane kan sendast vidare til destruering. Dette for å redusere konsekvensane av eit eventuelt utbrot.
Informasjon til befolkning og turistar
For å hindre vidare smitte under eit utbrot, er det viktig at befolkninga og turistar avgrensar ferdsla der det er mye villfugl og at ein ikke tek på sjuke eller daude fuglar. Svar til innbyggjarar om fugleinfluensa.