Tilskot til digitale læremiddel, infrastruktur, utstyr og kompetanse knytt til heimeundervisning
- Søknadsfrist:
- 17. november 2020 23:59
- Målgruppe:
- Elever/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
- Ansvarlig:
- Oppvekstavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. juni 2021
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er gitt kr 5 430 000,- som etter søknad skal bli tildelt kommunar og fylkeskommunar til tiltak for å styrkje infrastruktur og kompetanse i kommunar, samt tiltak i kommunar og fylkeskommunar for å bøte på levekårsutfordringar som er til hinder for heimeundervisning.
Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-Utbruddet, gjennom å:
- Styrke digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
- Bidra til utjamning av levekårsforskjellar, der desse er til hinder for digital heimeundervisning
Tiltaka skal rette seg mot elevar, lærlingar og lærekandidatar, medrekna vaksne, og lærarar i offentleg grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
Aktuelle tiltak kan vere:
- nødvendig infrastruktur for å gjennomføre undervising heime, medrekna nettilgang
- hente inn kapasitet og/eller kompetanse i organisasjonen for å ivareta infrastruktur/fellesløysingar som blir brukte ved undervising heime
- digitalt utstyr som blir brukt til kommunikasjon mellom lærar og elev i ein situasjon med undervising heime. Dette kan vere utstyr til utlån eller gå inn i «ein til ein»-ordning.
- tilgang til digitale verkty for samhandling/kommunikasjon mellom lærar og elev
Det vert ikkje gitt stønad for allereie gjennomførde tiltak.
Tilskotsordninga er skjønnsmiddelordning. Ved løyving av skjønnsmidlar skal fylkesmannen gjere ei heilskapleg vurdering av kommunen/fylkeskommunen sitt behov.
Utdanningsdirektoratet har etablert ei eiga søknadsordning for friskular.
- Søknadsfrist:
- 17. november 2020 23:59
- Målgruppe:
- Elever/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
- Ansvarlig:
- Oppvekstavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. juni 2021
Kontaktpersoner
-
Petter Andersen
Tlf: 33 37 24 32 / 95 78 86 95 -
Selma Hadzic
Tlf: 33 37 24 28 / 99 44 76 61