Kommunar undersøker ikkje alvorlege bekymringsmeldingar om vald og overgrep mot barn grundig nok
Vi fann alvorlege avvik i barneverntenesta sitt arbeid med meldingar og undersøkingar som gjeld mistanke om vald og seksuelle overgrep i kommunane Tysnes og Austevoll.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er svært alvorleg dersom barn lever med vald og overgrep, utan at kommunen griper inn.
Det konkluderer Fylkesmannen i Vestland med etter tilsyn i dei to kommunane i mars og juni. Dei planlagde tilsyna handla om korleis kommunane sikrar at barn som treng det, blir beskytta frå å bli utsett for vald og overgrep.
I tilsyna finn Fylkesmannen at kommunane ikkje sikrar at undersøkingar der saka gjeld mistanke om vald og seksuelle overgrep blir handtert forsvarleg. Kommunane sikrar heller ikkje barnets medverknad i desse sakene. Avvika representerer fleire brot på barnevernlova.
Rapportane finn ein under «Lenkjer» til høgre.