Statsforvaltaren fører tilsyn med verksemda ved familievernkontora i fylket. Vi har tilsynsbesøk ved kvart familievernkontor minst kvart tredje år.
Familievern
Oppdatert 05.01.2024
Familievernkontora gir tilbod om behandling og rådgiving ved vanskar, kriser og konfliktar i familien. Kontora meklar også i samband med skilsmisse eller samlivsbrot eller i barnefordelingssaker. Tilbodet er gratis.
Kartleggingstilsyn med familievernkontora i 2020
I kartlegginga kom det fram at alle familievernkontora hadde sett i verk tiltak for å sikre at dei som treng det kunne få kontakt med og hjelp frå familievernkontora. Vi peika i rapporten på at det er sårbart at det gjekk lang tid før nokre av familievernkontora var tilbake til normal opningstid.