Oversikt over utviklingsprosjekt i barnevernstenestene i Vestland
Det skjer mykje spanande og viktig utviklingsarbeid i barnevernstenestene i Vestland. Statsforvaltaren har tildelt tilskot til 23 utviklingsprosjekt frå 2018 og fram til i dag.
Kommunane i læringsnettverket for barnevernstenester i Vestland kan gå saman om å søke stimuleringsmidlar frå Statsforvaltaren til å setje i verk utviklingsprosjekt. Målet er teneste- og tiltaksutvikling for å gje endå betre tenester til dei barna og familiane som treng det.
I 2024 har Statsforvaltaren tildelt nær 4,5 millionar i støtte til 9 prosjekt, samla famnar desse prosjekta alle barnevernstenesten i Vestland og nokre Rogalandskommunar.
Du kan lese meir om nokre av prosjekta i oversikta under. Her finn du meir om kva kommunar som deltek, kva dei har utvikla og kva område dei arbeider med å utvikle og auke sin kunnskap på.
- Prosjekt 1: Vestlandsmodellen for undersøkelse i saker med høy konflikt mellom foreldre - Kvam, Voss, Øygarden og Bjørnafjorden
- Prosjekt 4: Fagleg fellesskap på tvers av kommunegrenser - Kvinnherad, Austevoll og Tysnes
- Prosjekt 5: Sammen om å støtte barns utvikling i fosterhjem - Askøy, Alver og Bergen
- Prosjekt 6: Styrking av fosterheimsarbeidet - Haugesund, Utsira, Karmøy, Bokn, Tysvær, Sveio, Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal
- Prosjekt 9: Betre hjelpetiltak i barnevernet - fokus på foreldrerettleiing - Stad, Gloppen og Stryn
- Prosjekt 10: Kompetanseløft vald og seksuelle overgrep - Kvinnherad og Ullensvang
- Prosjekt 11: Den gode fosterheimen - Sunnfjord, Bremanger, Askvoll, Fjaler, Solund, Masfjorden, Hyllestad og Gulen
- Prosjekt 12: Utvikling av eit robust kvalitetssikkert fosterheimsarbeid - Voss, Kvam og Ullensvang
- Prosjekt 13:Til fosterbarnets beste - Bjørnafjorden, Stord Bømlo og Fitjar
- Prosjekt 14: Styrking av barnevernvaktordninga - Øygarden og Askøy
- Prosjekt 15: Frå barnet sitt vindauge - Øygarden og Askøy kommune
- Prosjekt 16: Rekruttering i geografisk nærheit - Øygarden og Alver kommune
- Prosjekt 18: Rett hjelp der barnet bur - Fitjar, Stord, Haugesund, Bømlo, Karmøy, Bokn og Utsira
- Prosjekt 19: Rettleiing i Vestland - Kvinnherad, Sunnfjord, Luster, Aurland, Lærdal, Høyanger, Osterøy, Vaksdal, Modalen og Årdal.
- Prosjekt 21: Trygg og kompetent i møte med vold i nære relasjoner - Bergen og Voss
- Prosjekt 22: Med blikket festet på barnet - Øygarden og Askøy