Svar på høyring om endringar i barnehagelova
Vi har gitt høyringsfråsegn til dei foreslåtte endringane i barnehagelova som gjeld regulering av barnehagemiljø og internkontroll.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kunnskapsdepartementet sendte 12. august 2019 ut eit høyringsnotat angåande forslag til endringar i barnehagelova. Føremålet med dei foreslåtte endringane er å sikre alle barnehagebarn eit trygt og godt barnehagemiljø. Forslaget skal og sikre at dei som driv barnehagar har internkontroll med barnehagen si verksemd, og at barnehagemyndigheita likebehandlar kommunale og private barnehagar.
Fylkesmannen i Vestland er i utgangspunktet, og jamt over, einig i dei foreslåtte endringane i høyringsnotatet. I vårt høyringssvar har vi tatt stilling til nokre av forslaga frå Kunnskapsdepartementet.
I menyen til høgre finn du vårt høyringssvar.
Kontaktpersonar
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96