Karakter etter avslutta grunnskule
Avgangselevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2021 hadde i snitt 43,3 grunnskulepoeng, som er 0,1 poeng høgare enn i fjor. Elevane i Vestland ligg 0,2 poeng over landssnittet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Grunnskulepoeng
Eksamen våren 2021 vart avlyst i år som i fjor, og derfor er grunnskulepoenga ei samla poengsum utrekna av standpunktkarakterane på vitnemålet. Standpunktkarakter har dei to siste åra inngått som sluttvurderinga til eleven og skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av grunnopplæringa.
Auken på 0,1 grunnskulepoeng er relativt liten samanlikna med auken på 1,2 grunnskulepoeng slik vi såg i 2019-20-kullet. Dette var det var første kull avgangselevar som vart ramma av pandemien. Sjølv om auken det siste skuleåret er relativt låg, er 2020-21 eit år der snittet av grunnskulepoeng er høgare enn nokon gong.
Grunnskulepoeng i fylket vårt samanlikna med landsnittet:
|
2018-19 |
2019-20 |
2020-21 |
|
Grunnskulepoeng |
Grunnskulepoeng |
Grunnskulepoeng |
Heile landet |
42 |
43,2 |
43,3 |
Vestland |
43,3 |
43,5 |
Skilnad mellom gutar og jenter
Både jentene og gutane har hatt ei positiv auke i grunnskulepoeng sidan i fjor. Det er likevel jentene som har det høgaste snittet. Dei har 4,3 poeng over snittet til gutane, og 2,4 poeng over landsnittet
Utviklinga sidan i fjor:
2019-20 |
2020-21 |
||||
Gut |
Jente |
Gut |
Jente |
||
Grunnskulepoeng |
Grunnskulepoeng |
Grunnskulepoeng |
Grunnskulepoeng |
||
Vestland |
41,2 |
45,4 |
41,4 |
45,7 |
Høgt karaktersnitt i grunnskulen 2020-21
Den nasjonale, og lokale, analysen syner at det har vore ei lita auke i standpunktkarakter, men i stor grad uendra samanlikna med i fjor. Elevane har høgast snittkarakter i kroppsøving og mat og helse. Elevane i Vestland fylke ligg 0,1 poeng over gjennomsnittet kroppsøving og naturfag. Det er kun i matematikk og norsk sidemål at snittet er under karakter fire.
Kommunane må nytte resultata i kvalitetsarbeidet
Det er viktig at kommunane og dei private skulane nyttar dei årleg statistikkane i Utdanningsdirektoratet sine statistikkportalar – grunnskulepoeng, standpunktkarakter, nasjonale prøvar og elevundersøkinga til interne prosessar i arbeidet med kvalitetsutvikling. Det er nyttig å vurdere resultata over tid. I år har UDIR lansert analysebrettet som samlar ei rekke statikkar for å gjere det enklare å vurdere kvaliteten i skulen.
I skular og kommunar med små elevkull, kan resultata variere mykje frå år til år. Målet må vere å gjere det samla opplæringstilbodet på skulane så godt som mogeleg for den einskilde eleven.
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 / 91 57 05 12 -
Mats Petter Sydengen
Tlf: 57 64 31 57 / 93 42 52 37