Skular og barnehagar skal starte på gult nivå
Alle skular og barnehagar skal ved oppstart følgje gult nivå i trafikklysmodellen. Dette betyr at klasser og avdelingar kan samlast, og det skal vere fulltids ordinære barnehage- og skuledagar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Foreløpig er det ikkje opna opp for at det kan gjerast lokal nedjustering til grønt tiltaksnivå. Ved lokal smitte kan helsemyndigheitene avgjere at det skal vere raudt tiltaksnivå i dei aktuelle barnehagane og skulane. Fylkesmannen i Vestland ønskjer å få melding dersom det blir bestemt at barnehagar eller skular går til raudt nivå i trafikklysmodellen.
Erfaringar har vist at det er store negative konsekvensar ved stengde barnehagar og skular, særleg for utsette barn og unge. Det skal difor vere svært høg terskel for å stenge ein barnehage eller ein skule. Dette skal berre skje ved utbrot, og då i samråd med nasjonale helsevernmyndigheiter. Fylkesmannen skal varslast dersom skular eller barnehagar blir stengde.
Du finn meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersonar
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96 -
Mats Petter Sydengen
Tlf: 57 64 31 57 / 93 42 52 37