Viktige endringar i integreringsregelverket frå 1. juli 2024

1. juli 2024 blei det satt i verk fleire endringar i integreringslova. Endringane er særleg retta mot personar med kollektivt vern. Kommunane må gjere seg kjend med desse endringane.

Publisert 09.08.2024

Redusert introduksjonsstønad for barnlause par

Ektefellar og sambuarar utan barn vil no få 5/6 av full introduksjonsstønad kvar, dersom begge deltek i introduksjonsprogrammet. Endringa gjeld for par som startar programmet 1. juli 2024 eller seinare, og påverkar ikkje einslege eller par med barn. Sambuarar blir definerte som personar som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold, utan krav til varigheit. Endringa gjeld både for personar som blir omfatta av dei ordinære reglane og for dei som blir omfatta av dei mellombelse reglane i kapittel 6A.

Vidareføring og justeringar av mellombelse reglar

Kapittel 6A, som omfattar mellombelse reglar for personar med kollektivt vern, er forlenga til 1. juli 2026. Det er gjort enkelte justeringar i desse føresegnene.

Kapittel 5 om introduksjonsstønad gjeld også for dei med kollektivt vern

I integreringslova § 37 c er det gjort tydeleg at ordinære reglar om introduksjonsstønad også gjeld for personar under kapittel 6A, med mindre anna er spesifisert i dei mellombelse reglane. Sjølv om personar med kollektivt vern har "rett, men ikkje plikt" til å delta i introduksjonsprogrammet, må dei møte opp på planlagde aktivitetar dersom dei vel å delta. Fråvær utan løyve vil føre til trekk i stønad på vanleg måte.

Avslutning av introduksjonsprogram ved jobbtilbod

Deltakarar i introduksjonsprogrammet må avslutte programmet dersom dei får jobb eller tilbod om jobb på tilnærma heiltid (30-40 timar i veka). Kommunen skal krevje introduksjonsstønad tilbake ved feilaktige opplysningar. Deltakarar skal ha rett til å delta i introduksjonsprogram etter at arbeidsforholdet har opphøyrt, føresett at dei har budd i busetjingskommunen i mindre enn to år.

Avslag på introduksjonsprogram for dei med jobb

Kommunen kan avslå deltaking i introduksjonsprogram for personar som har full jobb eller tilbod om slik jobb. Personen kan likevel delta i programmet dersom arbeidsforholdet stansar, under visse vilkår.

Endringar i andre regelverk

Det er gjort endringar i andre lover som påverkar integreringsfeltet. Mellom anna er det innført eit unntak i yrkestransportlova for å la fordrivne frå Ukraina raskare kunne bli bussjåførar. Endringar i barnetrygdlova gjer at fordrivne ikkje lenger får etterbetalt barnetrygd for det første året i Noreg, og tannhelsetenestelova har no krav om fem års butid for unge vaksne (19-24 år) for å få rabattert tannhelseteneste.

Du finn meir om endringane på IMDi sine heimesider. I blokka til høgre finn du lenke til desse.

Du kan også lese meir om endringane i forarbeidene. I blokka til høgre finn du lenker til desse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.